2026-05-16 Atommakt til forsvar og åtak
Det har vore meir snakk om atomvåpen det siste året enn eg er van med, både i Europa og i USA. I Europa vil Frankrikes president Macron til dømes utvide atomvåpenarsenalet sitt (Åsnes, 2026). I USA har president Trump forsøkt å rettferdiggjere krigen mot Iran med at han måtte hindre at Iran kunne skaffe seg atomvåpen (Gedeon, 2026).
På same måte som Trump sine argument for Iran-krigen har vore fulle av brestar (Roth, 2026), har dessverre ikkje alt snakket om kjernevåpen vore like gjennomtenkt. Det er særleg to punkt eg synest har vore lite nyanserte i nyheitsbildet og det offentlege ordskiftet: atomvåpen som fredsgaranti og atomvåpen som felles tryggleik for allierte («atomparaplyen»).
Atomvåpen for fred – eller kjernefysisk dekning for konvensjonell krig
Atomvåpen blir gjerne presentert som eit avskrekkande tiltak som skal hindre krig. Dette vart nyleg løfta fram av utanrikspolitisk talsmann Himanshu Gulati i Frp: «Målet med atomvåpen er aldri å bruke dei, men å avskrekke for å sikre fred» (Åsnes, 2026). Det er eit velkjent argument: ingen tør å råke deg av frykt for å sjølv bli totalt utsletta. Det er kanskje ikkje veldig humant, men tanken er at det skal fungere avskrekkande og dermed stabiliserande. Stormaktene vart dermed atommakter og våga ikkje lenger krige med kvarandre etter andre verdskrig. Sånt blir det fred av (eller i alle fall berre kald krig).
Om ein er generøs og utelukkar indirekte konflikt og avløysarkrigar, stemmer det i stort at det har vore lite krig mellom atommaktene. Men det er ikkje heile historia. Sjølv om det ikkje er mogleg å vinne ein total krig mot ei atommakt, er ikkje krigen avskaffa. Med orlogskaptein Tor Ivar Strømmen sine ord: «Røynda er at konvensjonelle krigar faktisk kan bli meir sannsynleg» (2019, s. 6).
Eit nemneverdig unntak er Kargil-krigen i 1999 mellom Pakistan og India. Denne krigen er interessant fordi begge landa hadde atomvåpen, men Pakistan gjorde ei anna avveging enn amerikanarane og russarane. Pakistan meinte at atomvåpena gjorde det tryggare å gå til konvensjonell krig mot India, fordi India ikkje ville våge å slå for hardt attende (Sagan og Waltz, 2010, s. 94). Poenget var at Pakistan kunne bruke atomvåpen viss dei kjende seg hardt nok truga i den konvensjonelle krigen, og India ville ikkje tore å framprovosere eit sånt åtak.
Denne logikken om «tryggare konvensjonell krig» under ein atomparaply ser vi igjen i fleire nyare konfliktar. Russland kjende seg trygge på at USA og NATO ikkje ville våge nokon potensiell atomkrig med dei, som gjorde det mogleg for Russland å gå til konvensjonell krig mot Ukraina. Lik Pakistan har Russland eit kjernefysisk ris bak spegelen som dei kan finne fram dersom dei skulle kjenne seg alt for truga, enten det skulle vere frå NATO eller frå Ukraina. Dei kan til og med bruke trugselen om gjensidig øydelegging til å skape rom for «avgrensa» bruk av atomvåpen i Ukraina, fordi USA eller andre land ikkje vil vere viljuge til å sette i gang ein heil atomkrig for å sanksjonere ei enkel sprenging (sjå t.d. Solovyena, 2023, s. 27–31).
Dette viser effekten av atomvåpen på konfliktar der berre ei av sidene har sånne våpen. Og det er ikkje ein dempande effekt.
Heilt nyleg har fleire atommakter vore involverte i ulike krigar og konfliktar. Russland sin krig mot Ukraina er allereie nemnt. Nord-Korea støttar Russland konvensjonelt, og Kina støttar dei i det aller minste finansielt gjennom oljekjøp. Alle desse har kjernefysisk vern mot militære reaksjonar frå USA og Vesten. Pakistan har erklært krig mot Afghanistan. USA har kidnappa presidenten av Venezuela, truga med å annektere Grønland og gått til åtakskrig mot Iran. Den krigen starta USA saman med Israel, som òg er ei atommakt, sjølv om få snakkar om det.
Fire atommakter har altså sjølv starta minst tre krigar dei siste fire åra. Tryggleiken frå atomvåpen gjeld med andre ord berre atommaktene sjølv. Det har ikkje verna andre land frå åtak. Atommaktene kjenner seg kanskje tryggare, men dei er ikkje blitt fredelegare.
Kven held atomparaplyen?
Som NATO-medlem er Noreg under «atomparaplyen» til USA og dei andre europeiske atommaktene, Storbritannia og Frankrike. Etter at USA tydeleg har signalisert eit ønske om at dei europeiske statane må ta meir ansvar for eigen tryggleik, har Frankrike til og med rekt ut ei hand til Noreg og andre europeiske statar for å tilby betre vern frå franske kjernevåpen. Leiaren av Unge Venstre, Omar Svendsen-Ygaci, er positiv til dette og meiner «Norge må sikre seg franske atomvåpen» for avskrekking (Dingsøyr, 2026).
Uansett kven i NATO som leverer våpena skal denne paraplyen sikre at ingen tør å gå til krig mot oss, av frykt for ein kjernefysisk reaksjon. Det same gjeld sjølvsagt for alle NATO-medlemmar. Atomparaplyen kvilar altså på ein viktig føresetnad om at USA, Storbritannia eller Frankrike ville ha nytta atomvåpen for å hindre åtak på Oslo, eller eventuelt for å hemne det. Eller på Alta, for den saks skyld. Men ville dei det?
Det er ikkje eit retorisk spørsmål, og det er ikkje utan knyting til det førre punktet mitt om kjernevåpen som dekning for konvensjonell krig. Da USA truga med å annektere Grønland, var det ein viss diskusjon om moglegheitene for konvensjonell konflikt med USA. Danmark tok det så seriøst at dei sendte soldatar med kriseblod og eksplosiv til Grønland (Fastrup m.fl., 2026). Europeiske NATO-allierte, inklusive atommakta Frankrike, uttrykte støtte til Danmark. Men ingen var redde for atomkrig. Korfor ikkje, når både aggressoren USA og forsvarsallierte Frankrike hadde atomvåpen?
Frankrike har sagt at dei ønsker å utvide sin eigen atomparaply, men dei har samstundes vore krystallklare på at bruken av våpena vil vere opp til Frankrike sjølv (Dingsøyr, 2026). Og der ligg kjerna av saka: Frankrike tilbyd ein paraply, men dei vil ikkje dele på utløysaren. Dei hadde alltid reservasjonar mot å bruke atomvåpen på vegner av allierte. President Macron måtte gjerne sende ein diplomatisk konsul og militært personell til Grønland, men ingen forventa at franske atomvåpen ville bli bruka for å forsvare Grønland utan at det samstundes var nokon eksistensiell trugsel mot Frankrike.
Forutan det absurde i å bruke kjernevåpen for første gong mot ein nær alliert, ville det ha opna Frankrike opp for motåtak frå USA – og franskmennene ville neppe byte Grønland mot Paris eller Fransk Guyana. Dermed var den europeiske, skandinaviske og ikkje minst danske illusjonen om atomparaplyen borte. Korkje amerikanske eller franske kjernevåpen hadde nokon verdi for Danmark.
(Storbritannia stod mest på sidelinja og mumla noko om spesielle forhold, og kom i alle fall ikkje til å bruke dei amerikanske kjernevåpena sine mot USA.)
Som NATO-paraplyen har vist, kan ein ikkje lite på våpen ein ikkje sjølv har kontroll over. Med dette i tankane er det eigentleg berre to ulike handlemåtar for alle dei landa som ønsker å sikre eigen tryggleik men som ikkje har atomvåpen. Den eine, som er mest opplagt, er «den nordkoreanske handlemåten»: alle som vil kjenne seg trygge må skaffe seg eigne atomvåpen. Frå eit nordkoreansk perspektiv var Irans største feil at dei ikkje kunne truge med kjernefysiske svar på ein eventuell krig (McCurry, 2026). Sjølv dei nøytrale småstatane Sverige og Sveits hadde aktive kjernevåpenprogram etter andre verdskrig og signerte ikkje Ikkjespreiingsavtalen før i høvesvis 1968 og 1969 (Jonter og Rosengren, 2014, s. 46; Stüssi-Lauterberg, 1995, s. 88–89).
Ingen likar Nord-Korea. Det iranske atomprogrammet har likeleies vore ei kjelde til internasjonal uro og konflikt. Men tendensen til opprusting og spreiing av atomvåpen, som elles har vore så sterkt fordømd, ser vi no òg i europeisk diskurs. Polen har i fleire år snakka om å få kjernevåpen på polsk jord (Borger, 2022). Liberaldemokratane i Storbritannia vil gjere britiske atomvåpen uavhengige av USA (McKelvie, 2026). Frankrike vil utvide arsenalet sitt, og Frp og Unge Venstre vil at Noreg skal ta ei aktiv rolle i den franske opprustinga (Åsnes, 2026). Her heime har oberstløytnant Johannes Kibsgaard, forskar ved Krigsskolen, tatt til orde for eit nordisk atomvåpen (Kibsgaard, 2025).
Det vi så lenge har sett stygt på er plutseleg blitt forståeleg. Nedrusting og ikkjespreiing har lenge vore norsk politikk, men no er det blitt noko ein kan diskutere, utsette eller ganske enkelt sjå bort frå. Dette er den første handlemåten for dei utan atomvåpen: bli ei atommakt sjølv.
Den andre handlemåten går i stikk motsett retning: eit forbod mot kjernevåpen, så ingen kan gøyme seg bak dei.
Noreg er for nedrusting, men vil ikkje gå inn for eit forbod fordi vi er «avhengige» av NATO sine atomvåpen. Men Noreg kan aldri truge Russland eller Kina på ein sånn måte at dei kjenner seg pressa til å bruke eit atomvåpen defensivt. Og sjølv om dei skulle bruke dei offensivt, kan vi som nemnt ikkje lite på at NATO ville ha bruka sine eigne atomvåpen til å svare på eit sånt åtak.
Ingen veit om det er mogleg å avgrense bruken av atomvåpen til berre ei bombe eller berre eitt tilsvar. Om Russland bombar Oslo eller Bardufoss og USA sender atomrakettar mot Russland for å gjengjelde det, er sjansen høg for at Russland svarar igjen med nye åtak mot Norfolk, Washington eller Paris. Og som for Grønland vil NATO neppe byte Oslo eller Indre Troms mot sine eigne byar og hovudstadar. Sjølv professor Øystein Tunsjø, som meiner kjernevåpen er viktige for norsk tryggleik, seier samtidig at han «har ikkje meir tru på at franskmennene vil ofre Paris for Noreg, enn at USA vil ofre New York for Noreg» (Åsnes, 2026).
Alt i alt er atomparaplyen dermed i all hovudsak ønsketenking. Nedrusting og avvæpning er sjølvsagt ekstremt komplisert, og Noreg kan alltid seie at vi treng eit slags vern så lenge også andre har atomvåpen. Men dersom ein vil endre på dagens situasjon, er nedrusting det einaste alternativet til opprusting. Enten går vi opp, eller så går vi ned. «Den tredje vegen» er å bli ståande der vi er, med eit fiktivt atomforsvar som først og fremst gjer det enklare for atommaktene å gå til krig mot andre. Men det er ikkje ein handlemåte som bidrar til tryggleik for statar utan kjernevåpen.
Og med det trur eg eg veit kva handlemåte eg personleg føretrekk.
Alle sendingar
Attende til rymden
------------------
Referansar
Borger, J. (2022). «Poland suggests hosting US nuclear weapons amid growing fears of Putin's threats», i The Guardian, 5. oktober.
Tilgjengeleg på nett.
Dingsøyr, B. A. (2026). «Vil lagre atomvåpen i Norge», i Klassekampen, 4. mars.
Tilgjengeleg på nett.
Fastrup, N., Quass, L., Nielsen, M. K. og Mansø, R. G. (2026). «Danmark forberedte sig på muligt angreb fra USA», i Danmarks Radio, 19. mars.
Tilgjengeleg på nett.
Gedeon, J. (2026). «‘I don't think about Americans' financial situation,’ says Trump amid Iran talks», i The Guardian, 13. mai.
Tilgjengeleg på nett.
Jonter, T. og Rosengren, E. (2014). «From nuclear weapons acquisition to nuclear disarmament – the Swedish case», i Medicine, Conflict and Survival, vol. 30, spesialutg. 1, s. 46–63.
Kibsgaard, J. (2025). «Norden har teknologien og pengene til å etablere en selvstendig atomvåpenverdikjede», i Aftenposten, 7. mars.
Tilgjengeleg på nett.
McCurry, J. (2026). «Trump's Iran war will reinforce North Korea's view that nuclear weapons are the only path to security», i The Guardian, 10. mars.
Tilgjengeleg på nett.
McKelvie, G. (2026). «UK needs nuclear deterrent independent from US, Ed Davey to say», i The Guardian, 15. mars.
Tilgjengeleg på nett.
Roth, A. (2026). «Trump administration has still not settled on reasons for going to war with Iran», i The Guardian, 2. april.
Tilgjengeleg på nett.
Sagan, S. og Waltz, K. (2010). «Is Nuclear Zero the Best Option?», i The National Interest, vol. 109, s. 88-96.
Solovyeva, A. (2023). «Moscow's Perspective on Nuclear Deterrence and War: From the Cold War to the War in Ukraine», i The RUSI Journal, vol. 168, utg. 5, s. 20-33.
Strømmen, T. I. (2019). «Sjøforsvaret mot 2040: Eit forslag til framtidig styrkestruktur for Sjøforsvaret», rapport 2/19 i forskingsprosjektet Sjømakt 2040 ved Forsvarets høgskule/Sjøkrigsskulen.
Tilgjengeleg på nett.
Stüssi-Lauterberg, J. (1995). Historical Outline on the Question of Swiss Nuclear Armament. Omsett til engelsk av det amerikanske utanriksdepartementet.
Tilgjengeleg på nett.
Åsnes, A. (2026). «Frp vil ha meir atomvåpen», i Klassekampen, 9. mars.
Tilgjengeleg på nett.